Møt gjengen vår på Jobbpartner
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 17. Sep 2025
Det er eit relativt «strengt» regelverk NHF har når det gjeld kva klede ein skal ha på seg i kampar. Vi er litt «snillare» mot «miniane» når det gjeld shorts, men frå 13 år er det klare reglar. Vi har, saman med vår leverandør Select, sett saman ein klubbkolleksjon som alle må følgje, og alt skal kjøpast hjå Jobbpartner på Evja. Dei har det meste, og bestiller det som kanskje ikkje er på lager den dagen du kjem.
Her er den flotte gjengen:
Camilla Svardal, Kristina Havnen og Per Havnen. Ikkje med på biletet: Amelia Solheim og Nina Nyttingnes.
Klubbkolleksjonen og info om reglar vedr. klede og utstyr, finn du her:
https://handball.florosk.no/next/p/85898/handballklede-og-utstyrklister
Vi håper du koser deg på handballtreningane og ønskjer deg lukke til vidare!
Siste fra Florø Sportsklubb Handball

Fikk med seg to poeng fra Bergen...
17.09.2025

Vestkystcup 2025 er avlyst
16.09.2025

Økonomisk støtte til lisens: AlleMedFondet
14.09.2025

No kjem handballskulen igjen!
13.09.2025