Treningsavgifta for hausten er sendt ut

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 10. nov 2026

Treningsavgifta for hausten er no sendt ut i Spond.

Treningsavgifta er ein viktig del av finansieringa av aktivitetstilbodet i handballgruppa, og bidreg til at vi kan gi barn og unge eit godt og trygt handballtilbod.
Avgifta er med på å dekke mellom anna:
  • leige av hall til trening og kampar
  • utstyr til trening
  • påmelding av lag til seriespel
  • dommarutgifter
  • andre kostnader knytte til den løpande aktiviteten i handballgruppa

Vi ønskjer at økonomi ikkje skal vere til hinder for å delta i handballen. Dersom nokon har utfordringar med å betale treningsavgifta, oppmodar vi om å ta kontakt med oss, slik at vi saman kan finne ei løysing.
Vi er opptekne av å bruke midlane på ein god måte, slik at mest mogleg kjem tilbake til aktiviteten og spelarane våre.
Vi set stor pris på alle spelarar, trenarar, foreldre og frivillige som bidreg til handballmiljøet vårt. Saman skaper vi aktivitet, meistring og handballglede.


Line Gjengseth, nestleiar for Florø Sportsklubb Handball
og ansvarleg for medlemsregistrering/fakturering





TRENINGSAVGIFTER FOR HANDBALLEN H2025

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 30. sep 2025

Vi er godt i gang med ein ny sesong, og vi gler oss til mange fine treningsøkter og gode opplevingar saman.

Treningsavgiftene for hausten 2025 blir sendt ut i oktober.
Nytt for året er at Kinn kommune har laga nye reglar for økonomisk støtte til fritidsaktivitetar.

Det betyr at du først får treningsavgifta tilsendt, og deretter må du sjølv gå inn på Kinn kommune sine sider og Friskus for å søkje om å få rekninga dekka.

Vi oppmodar alle til å sjekke dette – slik at du får den støtta du har rett på.

Her er lenkja til Friskus: https://kinn.friskus.com/events?filters=global_filters_municipalities(EQ)25262c64-c1f1-4d1d-bb78-7bf4b458ec9e$$false

Vi ser fram til ein kjekk og aktiv haust saman med dykk! 💪✨