No har vi landa, i dobbel forstand
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 5. jun 2026
For ein fantastisk tur vi har fått oppleve samen med Florø, Førde og Skavøypoll united. Fine folk og fine opplevingar.
Planlegginga av turen tok til ved at vi hadde ein fantastisk tur for 4 år siden, då vi reiste nedover for første gang. Då hadde vi 5-årsjubileum, men på grunn av pandemien måtte vi ta den eitt år for seint. Dette har vi snakka om lenge at vi skulle tatt oss ein tur til, og plutseleg var det 10-årsjubileum i januari 2026. Skavøypoll og Førde har alltid sagt at neste gong må vi få vere med, og det blei ein fin tur saman med våre vener frå Måløy og Førde.

Florø tok bussen til Oslo frå Førde 17. mai om kvelden. Dei fleste sov sånn nokolunde… så koste vi oss på flyplassen før flyet til Barcelona tok av. Det var litt spenning i lufta, når vi flaug til nedover Europa. På flyplassen sto guiden og tok imot oss og vi tok buss til Aqua Marina i Santa Suzanna, litt nord for Barcelona.

Men var det ikkje treningsleir vi var på spør vi?? Jau det var utruleg kjekt å trene saman med dei som har same utgangspunkt som oss sjølv. Vi delte spelarane inn etter nivå, slik at det blei kjekt for alle. Spelarane og hjelpepersonane som var med hadde det kjekt i hallen. Vi hadde 3 stasjonar, som vi bytta på. Skuddtrening, teknikk og spel på 1 mål. Til slutt blanda vi lagene, og spilte kamp. Her fekk alle prøve seg.

Maten var utruleg bra, seier alle. Vi hadde 3 måltid per dag der det var koldtbord. Frukost, lunsj og middag var godt Det var mykje å velje mellom, så vi åt godt. Vi åt ilag kvart måltid, for å styrke samhaldet og lagfølelsen.
Når vi no, etter vi kom heim att, har snakka med spelarane seier alle att dei har hatt det veldig kjekt, ja faktisk kjempekjekt seier Irene! Nicolai og Anne-Margrethe synes det var kjekt å danse, shoppe og bade. Siste dagen tok vi eit «bytog» på hjul, og det var kjekt å sjå korleis byen såg ut, og å ta bilde som vi har som minne. Nokre meinte det var spennande å sitte på, andre meinte han råkjørte litt. Anne-Margrethe kommenterte at ho såg store sitrontre og lurte på om dei brukte sitronane, og det gjorde dei. Men når vi kom tilbake til hotellet var vi alle einige om at det var kjekt.

Steinar og Nicolai likte veldig godt å bade på stranda. Det var godt å bade i Middelhavet i bra temperatur. Det å ligge på ei solseng var nydeleg og vi nådde 27 grader, og vi meinte det var godt å få varme etter den kalde våren vi har hatt her heime. Desse vil takke for turen: Sofie Solheim-Olsen, Anne Margrethe Bjørkum, Ingvar Sørbotten, Benedicte Døsen, Irene Stjerna, Steinar Skogli, Nicolai, Leknes og Tom Joel Fredheim. Det var dessverre ikkje alle som kunne bli med, men neste gang…

Alt i alt har vi mange å takke for dette gjekk i oppfyllelse. Sparebank1 stiftinga, Florø SK handball, Idrettsfond SF, FTIF hovudlag og friidrett, Rebecca loge lanternen, Loge Haveggen, Kinn Regnskap, Steinvik fiskefarm, Ramco, Niprox, Florø båt og fritid, Jan Roar Hatlem + alle privatpersoner som støtta oss med Spleis.
Tom Joel si bading etter å ha blitt bært på ryggen av Mehanie er eitt av minna våre. Dei kjekke treningane saman med dei andre, gode historier på solsenga og så vidare, ja slik kan vi fortsette.

Personleg vil vi få takke hjelparane som var med, dei er vi heilt avhengig av. Det var Iris Torvanger, Mehanie Tecle, Tor Solheim-Olsen, Lill Randi Røyrvik og Torill Fredheim. Dokke er gull verdt! 🤩🤩🤩
Dette var en tur der vi ytte litt, men naut mest.
Charlotte og Ruth-Sølvi.
Foto: Florø United, Iris Torvanger
🤩🤩🤩
❤️
Logg inn for å skrive en kommentar.