J2009-jentene med sterk sluttspurt og tung sesongavslutning i Førde

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 14. Apr 2026

Det var ein solfylt laurdag, og tidleg ein morgon drog J2009 ut på eventyr til Førde, med 5 medhjelparar frå J2010 for å bistå til ein ellers tynn tropp. 2009-jentene har gjennom sesongen stilt til kamp med 8 spelarar, bistått på begge damelaga til klubben samt nokre rundar med J17-20. Og har vore heldige med at J2010 har vore behjelpelege i samtlege kampar, som gjer at vi har fått letta litt på kampbelastninga til jentene.

Vi startar fyrste kampen mot Bjarg 3, vinnarane frå Bergen-serien som har fått notert seg 495 mål og snittar då greitt 29,1 mål per kamp. Men her skulle verkeleg jentene vise at forsvar er noko dei har øvd mykje på gjennom sesongen, og klarer å gå til pause med resultatet 4-10 i Bjarg sin favør. Vi finner ikkje heilt tonen i starten av kampen, og med ein del stolpeskot og feilpasningar har vi ikkje marginane med oss. 

10 mål mot er eit resultat vi ikkje kan klage på, men leiinga Bjarg får til pause vert dessverre for stor til å hente inn att. For når vi går på i 2. omgang har vi funnet tilbake til vårt spel og angrepet sit betre, vi får ei fin fordeling av mål i laget der toppskårarlista består av 7 spelarar med 2 mål. Vi vinner 2. omgangen 13-10, men taper dessverre kampen 17-20. Ein veldig god omgang der jentene visar at dei ikkje er redde for å brette opp erma sjølv når ein ligg under til pause. Uheldige vert vi også med 2 to-minutterar trenarteamet ikkje heilt har forstått seg på, men tross for dei to-minutterane slepp vi ikkje inn nokre mål under dei periodane.

Kamp nr. 2 og slaget om bronse vert mot Fyllingen 3, det tøffaste bergenslaget som har, i følgje speidarane, teke med fleire spelarar frå fyrste og andre laget sitt i kampen lokalisert rundkøyring. 


Suboptimale forhald legg føringa i starten, fleire spelarar seier dei er slitne... Særdeles truverdig etter den vanvitige innsatsen dei har lagt ned tidlegare på dagen. Same tonen i 1. omgang der vi ikkje finn fram til flyten i angrep, og forsvaret vert litt meir aggressive som gir Fyllingen 8-15 til pause. Slitne spelarar og tomme blikk vert å finne til pause, men vi legg ein god plan for kva vi må gjere bak- og framover i bana. 

 

Vi startar 2. omgangen med ein flygar frå Lilly med destinasjon Amalie, vakkert er alt ein kan si. Skal ein først ligge ann til å tape, kan ein gjere det med stil og kos på bana. Angrepet finn ikkje heilt forma, då vi er slitne til tross for at vi klarar å skjerpe oss bak i bana. 
8-10 vert stillinga i 2. omgangens oppgjer, og totalt 16-25 tap mot Fyllingen.


Jentene har stått på i 2 sesongar med få spelarar og med ein stall på 8 spelarar (ingen keeper) i siste sesongen, har dei verkeleg kjempa hardt for å nå sluttspelet. Ein presentasjon ein verkeleg kan vere stolt over, trenarteamet Torbjørn og Joakim er enormt stolte over jentene sin framgang, innsatsvilje og stemning gjennom sesongen. Og med eit tungt hjarte og tårevåte auger slepp dei vidare i vinden til seniorlaga til hausten, mykje lykke til vidare og tusen takk for 2 ekstremt kjekke handballår. 


Ein siste shoutout til Amalie Ryland Seljestokken, Embla Bjørkaas, Hedda Løseth Østvik, Jenny Lien Ravnestad, Lilly Hovden Bjerck, Lisa Engen, Sara Solheim-Olsen og Tiril Aarseth Nesse. Og heidersmedlem keeperen Mille Kroppan Knapstad (2010).

Torbjørn Osland, trenar saman med Joakim Espeseth Larsen for J2009
Foto: Torbjørn og Cecilia

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.