J2014 med berekraftige varer på Husflidmessa

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 15. Nov 2025

Akkurat no er det Husflidsmesse på Florø kulturhus.
J2014 har valt berekraftige dugnader i staden for dopapir, kjeks m.m.

Spelarane sel produkt som dei sjølve – eller med hjelp frå foreldra – har laga for hand, så det er kortreiste og lokale produkt.
Mellom anna har dei: julegåveposar til å bruke i staden for papir, flaskeposar, frø, brende mandlar og tennbrikettar.

Pengane skal dei bruke til å vere med på handballcuper og sosiale tilstellingar.

Kom og støtt dei! Heia Florø!! 💙🤾‍♀️

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.