Reisebrev nr. 2 frå Gutar 2008 - Rovinj Handball Camp
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 27. Jun 2025
Rovinj 26.06.25
Vi er no ferdig med treningsdag 5. Tilsaman har vi hatt 11 økter; 9 felles og 2 egne målvaktstreninger som Tor-Capa og Noah har deltatt på. Det betyr at dei har hatt 2 dagar med 3 økter. Det er tungt i denne varmen så dei er heilt rå begge to 👊. På siste målvaktsøkta møtte berre «våre» 3 målvakter (kjem tilbake til talet «våre 3») og 1 tyskar. Det blei ei svært bra og intensiv økt og dei lærte mykje nytt. I tillegg fekk Noah og Tor-Capa mykje ros for godt fotarbeid og korrekt utfallsteknikk.
Dagleg treningsplan er 1 morgonøkt og 1 ettermiddagsøkt. Morgonøktene har starta enten kl. 07:15 eller 08:30 og ettermiddagsøktene kl. 16:45, 18:15 eller 19:15 og alle varer i 75 minutt. Nokre treningar er ute og nokre inne i hall. Vi har flest treningar utendørs og banene ligg rett nedanfor leilighetene våre - 2 minutt å gå. Handballhallane er ca 10 minutt i buss unna. Logistikken her fungerer veldig bra med eigne bussar med følge av representantar frå Rovinj Handball Camp.
Vi har fast oppmøte 10 minutt før trening og 10 minutt før bussavgang .
Den rutinen ser vi har lønt seg. Vi har observert at andre lag som kjem i siste liten og for seint blir «straffa» med mange push-ups, og forsøk på bortforklaringar blir berre straffa med 10 til😅
Alle trenarane har sin bakgrunn frå toppklubbar og landslag.
Trenarane er tydelege og set høge krav til disiplin og fokus. Dei startar alltid øktene med forventningsavklaringar og gjennomgang av tema. Dei er òg klare på at om ein ikkje skjønar ein øvelse må ein spørje.
Det er høg kvalitet og svært høg intensitet på alle treningane. Campen har ein raud tråd for kva ein skal gjennom og det er utvalgte tema for kvar trening. Eit ord som går igjen frå alle trenerane er «babysteps». Det betyr at det er dei små detaljane som er viktige og ein skal bli betre steg for steg. Det tek tid å bli god.
Øktene er også god inspirasjon for oss trenarar. Det er alltid nyttig å sjå korleis andre trenarar jobbar og det er alltid noko å lære.
Så tilbake til tydinga av «våre 3» målvakter. Florø G08 har «adoptert» sju rumenske spelarar frå Baia Mare som er med oss på alle økter. Dei har ikkje med seg trenaren sin i år – berre foreldra. Det er ein super gjeng som gutane har blitt veldig gode vener med.
Ein skulle tru dei var tomme for energi etter så mange økter i over 30 grader, men dei møtest til både sandvolleyball og fotball om kvelden før dei går til sengs. Dei rumenske gutane et òg alle måltid saman med oss – her høyrer vi gode samtalar og det blir knytt sterke vennskapsband🤾🏻♂️.
Onsdag ettermiddag drog vi i samla tropp til «Old Town Rovinj». Vi tok det sjarmerande lokal toget med 12 svenske jenter. Sjå bilde/ filmsnutt.
Vi gler oss til dei 2 siste øktene fredag 27.06. Laurdag vender vi nasen heim via buss til Venezia, fly til Gardemoen og buss vestover mot Florø.
På siste økta sa trenaren at dette er ei av dei beste gruppene han nokon gong har trena på denne campen, og han har vore med sidan oppstarten i 2003 🤩.
Då vi kom ut til bussen etter økta, sa ein annan representant frå Rovinj Handball Camp at ho hadde snakka med to andre trenarar dei har hatt gjennom veka, og dei hadde òg mykje ros til gutane.
Laget vårt og dei rumenske gutane har utmerkt seg og blitt ein snakkis. Det er så kjekt!
Vi er heldige som får være på treningsleir med desse kjekke gutane våre 🤩.
Helsing trenar teamet for G2008
Vibeke Mowatt og Ole Bernt Solheim
Her finn du bilete frå reisa: ROVINJ HANDBALL CAMP 2025
Reisebrev fra G2008 - Rovinj handball Camp 2025
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 24. Jun 2025
Rovinj 23.06.26
Etter ei lang reise; buss frå Florø til Gardemoen, fly til Venezia og buss i 3,5 timer gjennom Italia og Slovenia, ankom vi Rovinj i Kroatia kl. 15:30 lørdag 21.06. For ein plass! ☀️🇭🇷🤾🏻♂️🏖️
Vi blei godt mottatt og mens vi venta på at alle leilighetene skulle bli klare sjekka vi ut anlegget, treningsfasiliteter, stranda og badetempen.
Vi bor på Amarin Resort som er eit stort anlegg med alt vi treng. I tillegg til gode treningsfasiliteter er det ein flott restaurant på stranda med eit variert og godt utvalg av mat. Vi et frukost, lunsj og middag her og er vi seine frå trening på kvelden venter dei med å stenge, og har vi tidlig trening er det ok å komme litt seint til frokosten. Her er blant anna fri tilgang på frukt, drikke og is i tillegg til svært god mat. Som dokke skjøna; vi har det godt og vi svelt ikkje 😊. Servicen på Amarin Resort er prima!
Matbutikk er også tilgjengelig inne på sjølve anlegget. Alt er inklusive i «pakken» vi har kjøpt, så her handler vi stort sett berre vatn og litt snacks. Det går med mykje vatn. Fleire av treningsøktene er utendørs i 25 gr + i skyggen.
Vi har allerede hatt 4 treningsøkter, inkl ei egen målvaktstrening i dag frå 10:15-11:15. Vi skal ha ei ny økt i kveld kl 18:00, og et middag etter økta.
Etter første økta.
Etter målvaktsøkta.
Mellom øktene er fokuset å få i seg nok mat og drikke, smøre seg med høg faktor og berre nyte sol, sjø og god stemning. J2008 er her også, og sjølv om vi trener på ulike tidspunkt og baner, er vi mykje saman med dei.
Laget vårt er så heldige å ha med ein kjekk og flink gutegjeng frå Baja Mare i Romania på alle treninger. Rumenerane har 7 og vi har 11 spelarar. Gutane fant tonen frå første sekund og er virkelig ein god match 👌. Dei rumenske gutane er frå eit anerkjent handballakademi, så det er gledelig å sjå at våre gutar held same nivå som dei.
Vi har hatt 3 ulike trenarar på øktene og etter samtlige økter er det berre ros og skryt å få frå dei. I dag tidlig sa trenaren at han virkelig koste seg på økta og håpte å få denne gruppa ei eller to økter til i løpet av veka.
Vi trenarane har daglige møter med ein frå Rovinj handballcamp der vi får informasjon om neste dags plan. Det er eit godt tilrettelagt og proft arrangement vi er med på.
Vi er så stolte av gutane våre. Dei er ein svært høfleg og eksemplarisk gjeng både på og utanfor trening. Vi gler oss til resten av veka.
Helsing trenarteamet G2008
Vibeke Mowatt og Ole Bernt Solheim
Biletealbum frå Rovinj finn du her: ROVINJ HANDBALL CAMP 2025
.