Rock sokkene som J11!

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 21. Mar 2026

I dag er det verdsdagen for Downs syndrom, då vi feirar at vi alle er like unike ved å «rocke sokkane», det vil seie å ta på seg ulike sokkepar.

Florø SK Handball sitt J11-lag viser ekte lagånd både på bana og utanfor. Dei markerer dagen med ulike sokkar på føtene og feirar mangfald, inkludering og det å vere seg sjølv.

Dei fargerike sokkane er eit symbol på at alle er like mykje verd, sjølv om vi er ulike. På trening og i kamp står dei saman som eitt lag, der kvar spelar bidreg med sitt. J11 i Florø SK Handball er eit flott døme på korleis idrett kan skape fellesskap, respekt og gode haldningar.


ROCK SOKKENE!

 J11-1 før kampen mot Gaular i dag.J11-2 før kampen mot Gaular i dag.