Kva meiner du om strøyming av breiddeidrett?

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 17. nov 2026

Norges Håndballforbund, NHF, vil vite kva vi som er engasjerte i handball, meiner om strøyming av breiddeidrett.

Gå inn på lenkja her nede og svar på undersøkinga.

https://www.handball.no/nyheter/2026/11/hva-mener-du-om-stromming-av-breddeidrett/




Treningsavgifta for hausten er sendt ut

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 10. nov 2026

Treningsavgifta for hausten er no sendt ut i Spond.

Treningsavgifta er ein viktig del av finansieringa av aktivitetstilbodet i handballgruppa, og bidreg til at vi kan gi barn og unge eit godt og trygt handballtilbod.
Avgifta er med på å dekke mellom anna:
  • leige av hall til trening og kampar
  • utstyr til trening
  • påmelding av lag til seriespel
  • dommarutgifter
  • andre kostnader knytte til den løpande aktiviteten i handballgruppa

Vi ønskjer at økonomi ikkje skal vere til hinder for å delta i handballen. Dersom nokon har utfordringar med å betale treningsavgifta, oppmodar vi om å ta kontakt med oss, slik at vi saman kan finne ei løysing.
Vi er opptekne av å bruke midlane på ein god måte, slik at mest mogleg kjem tilbake til aktiviteten og spelarane våre.
Vi set stor pris på alle spelarar, trenarar, foreldre og frivillige som bidreg til handballmiljøet vårt. Saman skaper vi aktivitet, meistring og handballglede.


Line Gjengseth, nestleiar for Florø Sportsklubb Handball
og ansvarleg for medlemsregistrering/fakturering





G16 Florø 2 vann ein knapp siger mot Jølster/Førde

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 5. nov 2026

Dei fleste på G16 til Florø er 15 år, født 2011. I tillegg har vi ein i gruppa frå Bremanger, født 2010. Han spela ikkje kampen tysdag. Tysdag tok vi i mot Jølster/Førde. Vi har spelt ein kamp mot dei på bortebane, då vant vi 26-28, så vi venta ein spennande kamp. Gutane valgte å gjere det skikkeleg spennande og!
Vi startar veldig bra, leiar 6-3, med godt forsvar, og godt målvaktspel frå Matheo. Jølster tek innpå, og leiar med 3 mål etter 20 min. Gutane har fullt fokus, og vinn siste 5 minutt med 3 mål, så vi går til pause med uavgjort: 13-13.


Vi starter veldig bra i andre omgang, Jeremiah står bra i mål, og vi leiar med 4 mål godt ut i andre omgong. Etter det har Jølster ein god periode ( og vi ein dårleg), og dei skårar 6 mål utan av vi klarar å skåre. Det vert ein svært spennande slutt på kampen, men gutane som står på bana dei siste 5 minuttane klarar å halde seg roleg, stå godt i forsvar, og spele godt saman i angrep. Vi vinn til slutt med eit mål: 26-25


Det som var ekstra kjekt dinna kampen, var Mohamed, som spela sin fyrste kamp etter at han har vore vekkreist i 2 månader. 2 treningar, og så kjem han og vert toppskårar med 8 mål, og det på høgre kant! I tillegg fekk Christian Molina frå Bremanger seg sin fyrste heimekamp. Det blir veldig kjekt å ha han med vidare på trening og kamp.

 


Det blir spennande å sjå korleis sesongen vert. Vi er trass alt 1 år yngre enn ein del av motstandarane, men vi håpar at vi skal kjempe om å komme oss til fylkesmeisterskap i april.


Weronika Kinn Breidvik og Charlotte Kinn Breidvik, trenarar for G16
Foto: Cecilia Molander
Fleire bilete finn du her:

https://handball.florosk.no/next/gallery/album?uid=1103852594&aid=92934




Damenes første 2 poeng for sesongen

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 23. okt 2026

Damene spelte sine 2 første kampar på bortebane i førre helg. Vi hadde håp om at vi var ferdige med dei verste nervane etter å ha spelt første kamp heime mot Bergensdalen, som har eit tydeleg mål om å rykkje opp denne sesongen. Det vart eit solid tap den kampen. 

Dei unge jentene på damelaget, fødd frå 2009-2006, reiste med båten tidleg laurdag morgon, og fekk seg nokre timar på shopping, før Viking TIF-kampen kl. 17. I tillegg hadde vi med erfarne Linda i mål. Viking har vunne sine kampar med klar margin, så vi venta ein tøff kamp.


Kampen startar jamt, vi held dei til 4-4. Vi er uheldige med nokre innspel og skot i stang, og vert hardt straffa med kontringar imot. Det står 19-11 til pause. Andre omgang spelar vi jamnare, kampen endar med eit tap 23-35. Likevel er vi i trenarteamet nøgde med spelet, innsatsen, og forsvaret store delar av kampen. Det var mange steg opp frå første kamp! 
Maria står bra i mål, bakspelarane tek ansvar alle saman, og linjespelarane kjempar veldig bra på linja! Det er ein del tøffare i 3. divisjon, enn i J16-serien, der dei spelte førre sesong! 
Vi går ut i lag, og feirar bursdag til Amalie, som blei 18 år i helga.🥰Søndag er det god frokost på hotellet, og av garde til Bøneshallen. Bønes har spelt 2 kampar, vi veit lite om dei, men vi trenarane har trua på at vi kan spele jamt mot dei. Vi startar bra, og kjem opp i ei leiing på 3 mål. Men så gjer vi litt feil, og er litt uheldige, og Bønes leiar med 3 mål til pause. Vi startar 2. omgang bra, og etter 13 minutt går vi opp i leiinga. Etter det leiar vi kampen, og skal ha kontroll inn. Det vert hektisk dei siste minutta, der Bønes går ut mann-mann. Men vi klarar å halde sigeren, og får våre 2 første poeng i 3. divisjon.😍

 Maria Tervoort Linda Pedersen

Maria står som ein mur bakerst, og endar på ein redningsprosent på over 40. Reddar òg 3 straffar! Resten av laget jobber veldig godt saman som eit lag, både i forsvar og angrep. Vi gleder oss til dei neste vekene, då det er kamp kvar helg. Heia Florø!😍

Weronika Kinn Breidvik, trenar for damelaget, Florø Sportsklubb handball
Kampbilete: Cecilia Molander
Restaurangfoto: Maria Tervoort




SpareBank 1 Sogn og Fjordane med en fantastisk gave på kr 50.000.- til Florø SK Handball og Vestkystcup 2026.

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 11. okt 2026

Vår generalsponsor SpareBank 1 Sogn og Fjordane har etablert en sedvane med å gi klubben en gave på kr 50.000.- som en påskjønnelse for det arbeidet klubben legger ned for barn og unge generelt og gjennom Vestkystcup spesielt.


Våre viktigste sponsorer eller støttespillere

Vi har en tradisjon at noen av våre viktigste sponsorer eller støttespillere får dele ut pokalene i finalene, så også i år med SpareBank 1 Sogn og Fjordane v/banksjef Ole Aukland og Norwell AS v/sjef for marked og salg Ole Bernt Solheim. 

 


Men SpareBank 1 Sogn og Fjordane kom også med gave.

Det skal innrømmes at med kansellering av Vestkystcup i 2025 og noe færre lag en vi håpet på nå i 2026, kom den flotte gaven på kr 50.000.- og de gode ordene fra Ole Aukland i SpareBank1 Sogn og Fjordane meget godt med både økonomisk og som en annerkjennelse.

Annerkjennelsen går egentlig til alt det gode arbeidet og innsatsen som spillere, dommere, trenere, ledere, forelde. støttespillere legger ned i klubben spesielt for barn og unge, kveld etter kveld, helg etter helg gjennom hele året.

 

 



Et symbol på ny energi

Klubbens nye nestleder Line Gjengseth og vår nye kasserer Helene Tresnes Vårvik tok imot og takket for den flotte gaven fra SpareBank 1 Sogn og Fjordane på vegne av alle i Florø SK Handball. Line og Helene er på mange måter et symbol på ny energi i klubben og i styret som vi er svært avhengig av og som gjør viktige men for mange usynlige oppgaver for at klubben skal fungere optimalt.


Vestkystcup og SpareBank1 Sogn og Fjordane

Vi er heldige som har SpareBank 1 som general sponsor og håper på enda tettere samarbeid fremover mht Vestkystcup.

Vår plan er at Vestkystcup skal befeste seg som den viktigste "overnattingscupen" spesielt for de yngste lagene som ønsker å bygge sterke og varige lag gjennom:

  • SAMHOLD, GODE MINNER OG OPPLEVELSER

Igjen - tusen takk til SpareBank1 Sogn og Fjordane og Ole Aukland for kr 50.000.- gode og og annerkjennelse.

Morten Mortensen, leder for Florø SK Handball

Foto: Cecilia Molander

Her finner du artikkelen om Vestkystcup 2026: https://handball.florosk.no/next/blog/post/286599/samhold,-gode-minner-og-opplevelser-paa-vestkystcup-2.-4.-okt-2026?ispage=true