Damenes første 2 poeng for sesongen

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 23. okt 2026

Damene spelte sine 2 første kampar på bortebane i førre helg. Vi hadde håp om at vi var ferdige med dei verste nervane etter å ha spelt første kamp heime mot Bergensdalen, som har eit tydeleg mål om å rykkje opp denne sesongen. Det vart eit solid tap den kampen. 

Dei unge jentene på damelaget, fødd frå 2009-2006, reiste med båten tidleg laurdag morgon, og fekk seg nokre timar på shopping, før Viking TIF-kampen kl. 17. I tillegg hadde vi med erfarne Linda i mål. Viking har vunne sine kampar med klar margin, så vi venta ein tøff kamp.


Kampen startar jamt, vi held dei til 4-4. Vi er uheldige med nokre innspel og skot i stang, og vert hardt straffa med kontringar imot. Det står 19-11 til pause. Andre omgang spelar vi jamnare, kampen endar med eit tap 23-35. Likevel er vi i trenarteamet nøgde med spelet, innsatsen, og forsvaret store delar av kampen. Det var mange steg opp frå første kamp! 
Maria står bra i mål, bakspelarane tek ansvar alle saman, og linjespelarane kjempar veldig bra på linja! Det er ein del tøffare i 3. divisjon, enn i J16-serien, der dei spelte førre sesong! 
Vi går ut i lag, og feirar bursdag til Amalie, som blei 18 år i helga.🥰Søndag er det god frokost på hotellet, og av garde til Bøneshallen. Bønes har spelt 2 kampar, vi veit lite om dei, men vi trenarane har trua på at vi kan spele jamt mot dei. Vi startar bra, og kjem opp i ei leiing på 3 mål. Men så gjer vi litt feil, og er litt uheldige, og Bønes leiar med 3 mål til pause. Vi startar 2. omgang bra, og etter 13 minutt går vi opp i leiinga. Etter det leiar vi kampen, og skal ha kontroll inn. Det vert hektisk dei siste minutta, der Bønes går ut mann-mann. Men vi klarar å halde sigeren, og får våre 2 første poeng i 3. divisjon.😍

 Maria Tervoort Linda Pedersen

Maria står som ein mur bakerst, og endar på ein redningsprosent på over 40. Reddar òg 3 straffar! Resten av laget jobber veldig godt saman som eit lag, både i forsvar og angrep. Vi gleder oss til dei neste vekene, då det er kamp kvar helg. Heia Florø!😍

Weronika Kinn Breidvik, trenar for damelaget, Florø Sportsklubb handball
Kampbilete: Cecilia Molander
Restaurangfoto: Maria Tervoort