Gloppen blei litt for sterke på slutten for Florø 2

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 12. Des 2025

Det blei nok ein jamn kamp i 4. divisjon i går, då Florø 2 tok imot Gloppen i idrettssenteret. Vi spelar jamt til ca. 10 minutt i første omgang, då leier Gloppen 7–6. Diverre får vi ein dårleg periode på 10 minutt midt i kampen der, som gjer at Gloppen leier 14–7.

 


Gloppen har berre tapt éin kamp denne sesongen, så dei skal vere betre enn oss. Dei spelar eit tøft forsvar, der dei ofte er for seine, og det blir fleire stygge taklingar.

Vi kjempar oss likevel godt inn i kampen igjen, 14–17 til pause, og plutseleg berre 3 mål bak.

Etter 15 av andre omgang har vi teke igjen, og er i leiinga for første gong. Det klarar vi å halde til 5 minutt igjen (29–28). Diverre er det stang ut for oss, og stang inn for dei, så vi tapar til slutt med 3.

Sidan verken Marte eller Mariell kunne vere med oss, blei Hedda Søvig og Sara Tecle med frå Florø 1. Hedda spelar ein vanvittig god kamp, med 11 spelemål og 4 mål på straffe. Imponerande at ho står heile kampen, etter alle taklingane ho får mot seg. Det var ikkje ein kamp for kantane i går, dei blei tekne vekk, og fekk ikkje mykje ball.

 

Etter kampen var vi veldig nøgde med å hente opp så mange mål som vi gjorde. Marginane kunne gått vår veg på slutten, men gjorde ikkje det denne gongen.

Weronika Kinn Breidvik, trenar for damelaget Florø 2

Foto: Cecilia Molander
Fleire bilete finn du her: https://handball.florosk.no/old/gallery/album?uid=1103852594&aid=91732



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.