Florø 2 heldt 2 poeng igjen i Florø laurdag
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 11. des 2025
Kampen mot Eid på laurdag startar veldig bra med ein god første halvdel av første omgang, der vi leier med 5 mål.
Blir 5 mål leiing til pause òg.
I andre omgang gjer vi det litt vel spennande, med endel bomskot, og ikkje godt nok forsvar. Eid er berre eitt mål bak på slutten der, men vi tek time-out, og vinn til slutt med 2 mål.
Ingrid Brændø Osland, som eigentleg er linjespelar, spelar ein veldig god kamp, og set 6 mål frå den vanskelege høgrekanten. Det er veldig mykje bra lagspel, linjene våre skårar 10 mål, og lagar mange straffar i tillegg.
Nesten alle skårar mål, og alle damer og jenter er med og bidreg til siger.
![]()
Weronika Kinn Breidvik, trenar for damer Florø 2
Kom og heia fram dei til siger mot Gloppen i kveld kl. 19:15 i Florø idrettssenter!!
(Bilete frå ein tidlegere kamp mot Eid.)

Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Florø Sportsklubb Handball
NM kamp 17. august Florø – Gloppen 21-25
21.08.2026
Har barnet ditt lyst å starte på håndball?
09.08.2026
Vi opnar for klassen 17-20 år i Vestkystcup
09.08.2026
Flott jobba av laga i plastdugnaden
19.06.2026