No kjem handballskulen igjen!
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 13. Sep 2025
No kjem handballskulen igjen!
Om du er 6 – 12 år og skal vere heime i haustferien, har vi ein kjempegod idé til kva du kan gjere! Du kan nemleg lære deg verdens morosamaste ballspel: HANDBALL!
Norges Håndballforbund er ansvarleg for REMA 1000 Håndballskolen, som blir arrangert av Florø SK Handball i skulen si ferieveke.
Dette er REMA 1000 Håndballskolen:
«Håndballskolen» er tilbod til alle, anten du allereie spelar handball, eller har lyst til å prøve for fyrste gong. Barna blir delt inn i grupper etter alder og kor mykje dei kan om handball. Det blir lagt opp til allsidig trening og leik, slik at barna har det kjekt. «Håndballskolen» varer i tre dagar: 6. oktober – 8. oktober frå kl. 09:00 til kl. 14:00.
Dette får du:
Blir du med på REMA 1000 Håndballskolen, får du i tillegg til mykje moro, ei utstyrspakke med eigen handball, t-skjorte og diplom.
Måltid:
Det blir servert enkel lunsj med brødmat og pålegg samt vatn, saft eller smoothie til måltida. Deltakarane et i grupper. I tillegg blir det servert frukt i innlagde pauser for å sikre nok næring og energi.
Påmelding:
Føresette/foreldre melder deg på REMA 1000 Håndballskolen på:
www.handball.no (Region Vest). (Hugs å velje Florø SK Handball i det gule feltet på skjemaet..)
Påmeldinga stenger 22. september.
Ytterligere informasjon:
Ønskjer du meir informasjon, gå inn på www.handball.florosk.no , eller ta kontakt på: info@florohandball.no
Siste fra Florø Sportsklubb Handball
 
                        
                    
             
            Florø heldt ikkje heilt ut.
29.10.2025
 
                        
                    
             
            Tusen takk, SpareBank1 Sogn og Fjordane!
17.10.2025
 
                        
                    
             
            TRENINGSAVGIFTER FOR HANDBALLEN H2025
30.09.2025
 
                        
                    
             
            Dommardebutantar Ane og Mia
29.09.2025
 
                        
                    
             
            Fikk med seg to poeng fra Bergen...
17.09.2025
