Betre enn sin neste

Postet av Florø Sportsklubb Fotball den 29. Sep 2025

Fotball er verdas mest utbreidde sport, og med god grunn: Det er i utgangspunktet ein enkel leik som ikkje treng all verdas utstyr, og det er eit spel som er lett å forstå: Det handlar om å få ballen inn i motstandarens mål fleire gongar enn motstandaren klarar å kvittere. Og sidan så å seie alle byar og bygder verda over har sitt eige fotballag, har nabooppgjera så langt tilbake nokon kan minnast  vore eit av sesongens høgdepunkt, både for dei som spelar utpå bana og for dei som heiar frå tribunen eller sidelinja. 

For slike kampar er klassikarar, der det handlar om å slå grannane, og kva er vel betre enn akkurat det? Nederlaga svir bitrare, men til gjengjeld smakar sigrane endå søtare. Derfor blir det takla litt hardare, blødd litt meir og løpt litt lengre, anten vi snakkar om Rangers mot Celtic, United mot City, Tottenham mot Arsenal, Vålerenga mot Lillestrøm eller, som no i påska, Florø mot Førde.

Førde var på førehand store favorittar mot eit Florø-lag som ingen har rukke å bli heilt fortruleg med enno. Det styrka heller ikkje akkurat trua at Florø med ny trenar hadde fått kraftig bank i to treningskampar mot nettopp Førde. Derfor var det mange breiale førdiananar som hadde tatt turen til Florø, rimeleg sikre på å runde av påska med ein enkel bortesiger. 

Som vi no veit: Slik gjekk det ikkje, og Florø fotball kunne bokføre årets første trepoengar i serien. At den kom uventa gjer den ikkje mindre fortent, berre endå meir velsmakande. For Florø fotball, eit lag som det har knytta seg stor uvisse rundt, betyr det ein god start på sesongen, og kjærkomen sjøvtillit i spelargruppa. For resten av oss, vi som står på tribunen og heiar på dei, bør det bety at vi utover våren blir litt feire enn vi har vore, og dermed kan gje laget endå meir støtte, slik dei faktisk har fortent. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.