Florø United vann 2 kampar i helga
Postet av Cecilia Molander den 9. Nov 2025
12 spente spelarar stod tidleg opp for å køyre til Måløy. Vi kom fram til Nordfjordhallen 15 minutt før første kamp og rakk å springe litt før vi møtte Gloppen. Sist vi møtte dei i Sandane for to helger sidan, enda det uavgjort – men i dag klarte vi å vinne!
Gjengen var kjempefornøgde, og dagen var redda med ein siger. Før neste kamp åt nokre lunsj, medan andre tok pølse med brød frå kiosken. Kake blei òg kjøpt der – trenaren blei litt uroa for om dei kom til å klare å springe i neste kamp, men det gjorde dei! Kjempeinnsats gjorde at dei òg vann denne kampen.
For første gong reiste vi heim med full pott etter to kampar. Det var strålande fornøgde spelarar som køyrde tilbake til Florø.
Takk for eit kjempebra arrangement i Nordfjordhallen – vel gjennomført av Skavøypollen!
Og tusen takk til sjåførar og hjelparar som gjer det mogleg å reise på tur med denne herlege gjengen! 💙
Charlotte Kinn Breidvik, trenar for Florø United

Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.