Samarbeidslaget Eikefjord/Florø2
Postet av Florø Sportsklubb Fotball den 15. Apr 2025
I vinter vart Eikefjord og Florø einige om å inngå samarbeid på 5-divisjons nivå, Eikefjord/Florø 2.
Under årets og den 40. utgåve av Eikefjord Cup 12-13.04.2025 var tre spelarar frå Florø Sportsklubb fotball med på samarbeidslaget Eikefjord/Florø 2: William Aarseth Kjellevold, Even Barstad og Roe Nilsen. William spelte både laurdag og søndag, mens Even og Roe var med søndagen.
I finalen gjekk Førde 3 til pause med 0-1 leiing. William, Even og Roe spelte andre omgong av finalen (Roe kom inn rett før pause). Alle tre leverte ein kjempeprestasjon og var sterkt delaktige i snuoperasjonen som endte med seier i Eikefjord cup 2025.
Finalekampen mot Førde 3. Tre Florø spelarar i aksjon,frå venstre: William Aarseth Kjellevold, Even Barstad og Roe Nilsen.
Bilete er frå Eikefjord fotball si facebook side.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Florø Sportsklubb Fotball

Nasjonal Gutar 15 serien
27.04.2025

Damene slo Loen i sesongens første kamp
22.04.2025

Fotball- og aktivitetsskule
14.04.2025

Treningskamp mot Bremanger
01.04.2025

Trener og foreldrekontakt forum
31.03.2025