Fritidskonto – økonomisk støtte til fritidsaktivitetar

Postet av Florø Sportsklubb den 13. Sep 2025


I 2025 tok Kinn kommune i bruk «Fritidskonto» som løysing for å kunne gje øyremerkte midlar som kan nyttast til å betale medlemsavgift og kontingentar for ein eller fleire faste organiserte fritidsaktivitetar.

Ordninga skal bidra til at fleire barn og unge får delta i fritidsaktivitetar. Moglegheit til deltaking i fritidsaktivitetar reduserer risikoen for utanfor­skap, og er ei viktig arena for meistring, sosial læring og fellesskap.

Kriteria for bruk varierer frå kommune til kommune. Nokre kommunar gjev eit fast beløp i året til alle barn og unge i ein viss alder, medan andre kommunar gjev meir til enkeltbarn og unge i familiar med utfordrande økonomi.

Sjå meir om kva som gjeld i din kommune her: Spørsmål til Fritidskonto i min kommune.

Her kan du lese om økonomisk støtte til fritidsaktivitet i Kinn kommune: ØKONOMISK STØTTE

Her kan du lese meir om Fritidskonto i Kinn kommune: FRITIDSKONTO


Fritidskortet