Kem faen e’ d’ så spela?

Postet av Florø Sportsklubb Fotball den 29. Sep 2025

Trenarar som kjem utanfrå har gjerne med seg spelarar frå der dei kjem frå og som dei meiner har kvalitetar som kjem til nytte i den nye klubben dei skal overta. Det er for så vidt naturleg og vel og bra det. Dei siste par åra har Florø fotball til dømes hatt portugisisk trenar, og dermed også fleire portugisiske spelarar. Og nokre av dei har halde høg klasse.

 Dessutan er fotballen stinn av agentar som fallbyr spelarar på jobbsøk, både herfrå og derfrå.  Å rekruttere spelarar på det viset er sjølvsagt heilt OK det, så sant ein veit kva ein får og det er pengar i kassa. For forsterkningar utanfrå, er naudsynt for å hevde seg. 

Men det er også viktig at ein klubb har ein lokal forankring, slik den nye trenaren vår, Dag Jøran Hafsås, også har vore tydeleg på. Derfor er  det er mange av dei unge spelarane, som er flaska opp i klubben, som må ta nye steg i år. Og ingenting hadde vore betre enn det, for den lokale identiteten si skuld. For av og til kan spelarimporten  gå litt over stokk og stein, slik også Florø fotball har fått merke: 

På nittitalet hadde Florø ein svensk trenar, noko spelarstallen så til dei grader preg av. Då banespeaker i serieopninga skulle lese opp lagoppstillinga og starta med Kent Lindgren i mål og deretter leste opp seks eller sju svenske namn i førstellevaren, var det ein av dei trufaste  tribuneslitarane som ikkje greide å halde frustrasjonen inne: 

  • Sei meg, gaula han i retning speakerbua, kem faen e’ d’ så spela? E’ d’ Lasse Stefanz?

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.